Gå til Facebook eventen for å få oppdatert informasjon om rittet
1.0 Voss MTB-Klubb inviterer til årets fyrste ritt i Vossatrampen Stiserie. Nytt av året er at vi går inn for å invitere ivrige rundbanesyklistar i Sykkelbutikken Cup. Om det er hardtail eller enduro som går av med sigeren, er det store spørsmålet 😉 Dette er arrangementet som passar alle nivå og alle typar syklar.
2.0 Format/løyper:
Enduro med 5 korte og intensive etappar. Etappane vil variere noko i vanskegrad, men er i all hovedsak lette flytstiar med løpstid på alt frå 45 sekund og opp til 2 minutt. Vi legg saman alle tider frå kvar etappe til slutt, og totaltida vil utgjere plasseringa. Vi vil publisere kart ei veke før konkurransen som viser dei ulike etappane. Merk at det er fullt mogleg å sykle «onsight». Vekting utfor/tråkking er ca. 60/40.
3.0 Klassar/premiering:
G/J 0-11 år. Tidtaking, men ingen rangering. Premier til alle
G/J 12-17 år. Premiering til dei 3 beste.
K/M Senior. Premiering til dei 3 beste.
K/M 40+. Premiering til dei 3 beste.
4.0 Parkering/oppmøte:
Parkering ved Bømoen leir. Vi kjem til å skilte innover.
Oppmøte seinast kl. 1700 for registrering og løpermøte. Merk at vi syklar til fyrste etappe seinast kl.1720 frå Bømoen leir.
5.0 Påmelding:
Eigen link for påmelding vert straks publisert her på eventen.
6.0 Reglar:
– Hjelm er påbudt
– Ikkje lov å byte sykkel undervegs i konkurransen.
– Vi oppmoder om å ta med enkelt reperasjonsett, slange etc.
– Deltakarar syklar bak guide på transportetappane til dei ulike fartsetappane.
– Deltakarar må syte for at nummerplate er godt synleg på sykkel.
– Mobiltelefon tas med på kropp, sekk eller liknande. Ved lettare skade eller brutt etappe er du plikta til å ta raskt kontakt med rittleiar på telefon: 975 17 350, Joar Wæhle. Lagre nummer på telefonen før rittet startar.
– Merka løype skal fylgjast.
– Pga intervallstart kan du risikere å ta igjen eller bli tatt igjen. Den som blir teken igjen må vike for den som kjem bak.
– Foreldre må vere med dei som eventuelt er under 11 år.
7.0 Poengsystem for dei som deltek i Vossetrampen Stiserie:
P1: 100 poeng
P2: 80 poeng
P3: 60 poeng
P4: 50 poeng
P5: 45 poeng
P6: 40 poeng
P7: 36 poeng
P8: 32 poeng
P9: 29 poeng
P10: 22 poeng
Vidare vert det fordelt poeng til og med P30.
Vel møtt til Bømoen Bonanza!